Irene og Pål har blitt gift
I Skedsmo kirke i dag sa Irene frå altgruppa ja til sin kjære Pål. Sjølv om dagen hadde starta med skyer og regn så klarna det opp i tide til at det nybakte ekteparet kunne hyllast på trappa av dei mange gjestane, der også LillCanto var representert med ei lita gruppe.
11.07.2009 22:45
Av Egil Tverberg
Vår Irene var nydeleg i brudekjolen der ho gjekk ved sida av faren sin opp til sin tilkomande ved alteret. Under seremonien var det både vakre ord frå presten og flott musikk frå eit par herrar på song og gitar som framførte "Kjærlighetsvisa" og "Reis meg opp". På kyrkjetrappa stilte ei lita gruppe på 11 LillCantistar opp og song "Bruremarsj fra Østerdalen", "Mjuk vind" og "Fånga mig vind". Irene og Pål såg ut til å setja pris på denne overraskinga, og etter gratulasjonar og gåveoverrekking frå koret var det eit smilande og gledesstrålande par som var klare for vidare bryllupsfeiring utover kvelden. Vi ynskjer Irene og Pål hjarteleg til lukke!
Sjå bileta frå Skedsmo kirke i fotoalbumet!
Tilbake
|